STRIKKEKRAFTS AFTERNOON TEA
Det er alt for lenge til Strikkekraft 2027, så vi arrangerer vi eit ekslusivt treff med fokus på nydeleg mat og drikke, handarbeidsglede og hyggeleg samvær i den koselege stova i Den Grøne Fabrikken. Maten blir levert av Go'fiket kafé i Åsane og vi sørger for eit glas kvalitetsbobler om det skulle friste. På slutten av dagen opnar vi for drop-in i den flytande kunstbadstova Flabellina for dei som har lyst til det. Elles skal vi berre kose oss og prate med nye og gamle kjende! Velkomen :)
Vi syns det er for lenge til Strikkekraft i juni 2027, så vi har leigd stova i Den Grøne Fabrikken og bestilt Afternoon Tea med nydelege smørbrød, kaker og scones. Vi sørger for eit glas bobler til dei som vil ha det og ubegrensa med te og kaffe, samt litt ekstra snacks. Mellom kl. 16 og 18 kan dei som vil booke plass på drop-in på den flytande badstova Flabellina, som ligg ved flytebrygga rett utanfor. Vi opnar for at dei som kjøper billett og har handlaga ting eller handfarga garn dei vil selge, kan ta med det. I tillegg kan du ta med kvalitetsgarn som du er interessert i å bytte eller selge. Elles blir det berre kos, handarbeid og skravling. Vi opnar dørene kl. 12 og stenger kl. 18. Håpar du har lyst å vere med!
Vi har kun plass til 25 personar i tillegg til oss sjølve, så her gjeld det å vere raskt ute med bestilling! Drop-in i badstova betalar du på staden.
P.S. Send melding om evt. allergier til Anne Bjørke på anne.bjorke@gromholt.com
Helsing Merete og Anne
Restriktioner
Det er ingen restriksjonar i forhold til bruk av rullestol, med unntak av i badstova.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar kan ikkje refunderast.