page view image

STRIKKEKRAFT

Velkomen til Strikkekraft i Mjøsvågen på Osterøy. Her blir det garnmarked, workshops, foredrag og tid til hyggeleg prat med gamle og nye strikkevennar. Vi inviterer igjen til catwalk på brygga - og vil vise fram fleire av modellane frå boka som kjem til hausten. I tillegg inviterer vi alle til å vere med å vise fram strikk dei er spesielt stolte av. I kafeen finn du heimelaga mat :)

Information
event image

Vi kan glede oss til eit stjernelag av utstillarar på garnmarkedet i Den Grøne Fabrikken. Her vil du finne The Danish Dye Lot, Fjord Fibres, Garnbutikken Fortuna, Hettestrikk, Huldra Husflid, Kristi Nilsen, MaLø Yarns, Målfrid Tunheim Lone, Norne Yarn, Norspinn, Pinnsvin design, Safransax, Snopegarn, Stormdal Ull og Ystabø Gull. Her blir det garn og duppedingser for ein kvar smak, alt frå handspunne luksus og garn frå eigne dyr til handfarga norsk ull og den mjukaste silke.

På kafeen i det gamle maskinhuset like ved blir det heimelaga mat! Kunstbadstova Flabellina kan bookast for dei som har lyst til det og du kan besøke utsalet på Norlenderloftet både laurdag og søndag. Mjøsvågen landhandleri er sjølvsagt ope og det blir strikkeplassar fleire stadar rundt omkring i bygda.


OVERSIKT OVER WORKSHOPS

Laurdag kl. 11-13: Pynt på strikk m/ Helle Siggerud/@hellesiggerud.no

Laurdag kl. 14-17: Shetland lace shawls m/ Iaroslava Rud/@greendormouse (på engelsk)

Søndag kl. 12-15: Hæla i taket m/ Tina Hauglund/@strikkezilla 

Les meir om kva du kan vente deg under billett for den enkelte workshop. Ved kjøp av billett til workshop, treng du ikkje dagspass :) Alle workshopane vert i lokala til Norlender (ca 10 min å gå frå Den Grøne Fabrikken der markedet er).


ANDRE AKTIVITETAR (inkl i dagspass/helgepass)

Laurdag kl. 12.00  Strikkezilla fortel om sine smartaste oppskrifter

Laurdag kl. 13.15  Catwalk på brygga (om det ikkje regnar)

Laurdag kl. 15.00  Om tekstil og berekraft v/ Helle Siggerud

Laurdag kl. 16.00  Fortellerstund m/ Anne Bjørke - ta med strikketøyet og slapp av

Søndag kl. 12.00   Historia om fargane bak Norne Yarn v/ Tuva Hoen

Søndag kl. 13.00   Catwalk på brygga (om det ikkje regnar)

Søndag kl. 14.00   Fortellerstund m/ Anne Bjørke - ta med strikketøyet og slapp av


TRANSPORT

Om du kjem med eigen bil, er det fleire parkeringsplassar i bygda. Vi set opp minibuss som går frå/til togstasjonen i Arna (tar 7 min med tog frå Bergen). Køyreturen tar ca 25-30 min og sjåfør Svein vil lose deg trygt fram. NB! Du må førehandsbestille billett til minibussen for å sikre deg plass. Vær sikker på at du bestiller på den avgangen du ønsker - billettar blir ikkje refundert.

Laurdag blir det satt opp avgangar frå Arna kl. 09.35, 10.45 og 12.05 (ventar på toga som går frå Bergen 09.27, 10.35 og 11.57). Markedet stenger kl. 17 på laurdag og det er satt opp retur frå Hosanger kl. 14.30, 16.00 og 17.30 (for å ha god tid til toga som går 15.12, 16.42 og 18.07). 

Søndag formiddag er det satt opp avgangar frå Arna kl. 10.05 og 11.35 (ventar på toga som går frå Bergen kl. 09.57 og 11.27) Søndag stenger markedet kl. 15 og vi set opp retur frå Hosanger kl. 14.00 og 15.30 (for å ha god tid til toga som går 14.42 og 16.12). 


OVERNATTING

Vi har avtale med Fjordslottet hotell i Fotlandsvåg (6 km frå Den Grøne Fabrikken) - eit veldig sjarmerande trehotell. Dobbeltrom kr 1390,- pr natt, enkeltrom kr 1190,- pr natt - begge inkl. frukost. Dei har per 26. februar ein del rom tilgjengelige. Ta direkte kontakt og oppgi kode Strikkekraft: 56 39 50 90 / booking@fjordslottet.no  

Det er eit idyllisk hus til leige i nabobygda Røsland (plass til 5-6 som kjenner kvarandre godt). Det er ikkje opna for booking på Airbnb, så ta kontakt direkte med Eldbjørg Solberg på 971 46 630. Du finn foto og informasjon her.

Det er også nokre andre mulegheiter igjen på Airbnb andre plassar på øya.

Det er sjølvsagt mogeleg å bu enten i Arna eller Bergen og booke plass på minibussen frå/til Arna.

Næraste campingplass er https://www.lonecamping.no/nb/ - vel 30 min å køyre.

strikk strikking

Beperkingen

Det er eit par trappetrinn for tilkomst til workshop-lokalet.

Afstandsverklaring

Angrerettsloven gjeld ikkje ved billettkjøp.