page view image

STRIKKEKRAFT 2025

Velkomen til Strikkekraft i Mjøsvågen i den koselege bygda Hosanger på Osterøy. Den raude tråden for årets festival er Handarbeid og helse. Det blir garnmarked, spennande foredrag, tid til hyggeleg prat og god mat. Vi inviterer igjen til catwalk på brygga - bli med og vis fram det du har strikka frå boka Strikkekraft, eller noko anna du er spesielt stolt av. I år vil fjordabåten MS Midthordland ligge til kai - her blir det foredrag, strikkeplass og open bar. I kafeen finn du heimelaga mat :)

Informasjon
event image

Vi kan glede oss til eit stjernelag av utstillarar på garnmarkedet i Den Grøne Fabrikken. Her vil du finne Creative Daydreams, Fjord Fibres, Garnbutikken Fortuna, Gunnis Englestrikk, Hettestrikk, Kristi Nilsen, Norne Yarn, Norspinn, Pinnsvin design, Safransax, Skapercraft, The Danish Dye Lot, Vossa Design og Ullveig. Her blir det mange godbitar :)

Temaet for årets festival er Handarbeid og helse. Det blir foredrag begge dagar på øvre dekk av den gamle fjordabåten MS Midthordlandsom vil ligge til kai i festivalens opningstidSofia Karlsson, kjent som @sofiastales (og tidlegare @kammebornia), vil både halde foredrag om sitt forhold til handarbeid og helse (laurdag), og presentere boka si Stickning – en värmande kärlekshistoria (søndag). Vidare blir det fleire spennande foredrag med bl.a. Anne frå @skapercraft og Therese frå @knitbyjacobsen. I tillegg vil Kristin Aase, ein strikkande fysioterapeut, gi oss gode tips om korleis vi skal unngå belastningsskadar når vi handarbeider :) Det blir også fokus på strikking og bærekraft, samt eit spennande foredrag med tekstilkonservator Anna Javér om tekstilar si helse. 

Kunstbadstova Flabellina kan bookast for dei som har lyst til det og du kan besøke utsalet til Norlender både laurdag og søndag.

På kafeen i det gamle maskinhuset blir det heimelaga mat! Mjøsvågen landhandleri er sjølvsagt ope for servering. Som i fjor inngår vi avtale om strikkehagar fleire plassar i bygda, og det vil vere ope for alle på nedre dekk og ute under tak ombord i MS Midthordland.


FOREDRAG 

Det blir mange spennande foredrag - den raude tråden er Handarbeid og helse. Alle foredrag vil finne stad på øvre dekk ombord i MS Midthordland - her treng ein eigen billett for tilgangVi legg ut 50 foredragspass til kvar dag - dei som kjøper det er garantert plass om dei er der seinast 5 min før det enkelte foredraget. Om der då er ledige sitjeplassar, vil vi i tillegg ta i mot Vipps-betaling frå andre for enkeltforedrag (kr 50).


PROGRAM OG OPNINGSTIDER

Laurdag 7. juni: 11.00 - 17.00

Kl. 11.00  Festivalen og garnmarkedet opnar - MS Midthordland legg etter planen til kai

Kl. 12.00  Foredrag med Sofia Karlsson: Handarbeid og helse - ei personleg fortelling

Kl. 13.00  Foredrag med fysioterapeut Kristin Aase: Unngå belastningsskader som følge av handarbeid

Kl. 13.45 Catwalk på brygga (om det ikkje regnar)

Kl. 14.30  Foredrag med Anne frå @skapercraft: Handarbeid og helse - ei personleg fortelling

Kl. 15.15  Foredrag med Therese frå @knitbyjacobsen: Handarbeid og helse - ei personleg fortelling

Kl. 16.00   Foredrag med Anne Bjørke: Handarbeid og bærekraft

Kl. 17.00  Garnmarkedet stenger for dagen og MS Midthordland legg frå kai


Søndag 8. juni: 11.00 - 15.00

Kl. 11.00  Festivalen og garnmarkedet opnar - MS Midthordland legg etter planen til kai

Kl. 12.00   Foredrag med Sofia Karlsson: Presentasjon av boka Stickning – en värmande kärlekshistoria

Kl. 13.00   Foredrag med tekstilkonservator Anna Javér: En sammenhengende tråd - tekstilers helse

Kl. 14.00   Catwalk på  brygga (om det ikkje regnar)

Kl. 15.00  Garnmarkedet stenger for dagen og MS Midthordland legg frå kai


TRANSPORT

Rett & Vrang Event arrangerer strikkecruise med avgang frå Bergen kl. 9 begge dagar. Markedsbillett til Strikkekraft er inkludert den dagen om du har cruisebillett. Følg arrangementet for oppdateringar og evt. ledige billettar.

Om du kjem med eigen bil, er det fleire parkeringsplassar i bygda. 

Det går ikkje så ofte buss til Hosanger i helgene, men du kan kome deg til enten Lonevåg (8 km) eller Arna togstasjon (28 km frå Hosanger), og så eventuelt alliere deg med fleire og ta taxi. Bruk gjerne diskusjonsfeltet for arrangementet på Facebook for å kome i kontakt med andre for å avtale.


MAT OG DRIKKE

Det blir heimelaga mat i den hyggelege kafeen i det gamle maskinhuset ved sjøen (100 m frå Den Grøne Fabrikken). Det blir open bar med snacks og drikke ombord i MS MidthordlandMjøsvågen Landhandleri (100 m frå kafeen) vil vere open og ha servering av både mat og drikke.

Fjordslottet Hotell i nabobygda Fotlandsvåg (6 km frå Mjøsvågen) vil ha ope for servering av både lunsj og middag. Der er også veldig hyggelege stuer å sitte og strikke i utover kvelden. Ta kontakt for booking: 56 39 50 90 / booking@fjordslottet.no   


OVERNATTING

Vi har avtale med Fjordslottet Hotell i Fotlandsvåg (6 km frå Den Grøne Fabrikken) - eit veldig sjarmerande trehotell. Standard dobbeltrom kr 1539,- pr natt, enkeltrom kr 1341,- pr natt, begge inkl. frukost. Klikk her og bruk kode SK2025. De kan òg ta direkte kontakt med hotellet: 56 39 50 90 / booking@fjordslottet.no  

Vi har også avtale med Scandic Neptun - eit heilt nyoppussa hotell med fine rom like ved Strandkaien, der MS Midthordland har avreise frå. Her er lenke til bookingside med rabattert pris!

Du kan også sjekke ut Airbnb i området.

Næraste campingplass er https://www.lonecamping.no/nb/ - vel 30 min å køyre.

strikk strikking

Restriksjoner

MS Midthordland er ein eldre båt og har ikkje universell utforming. Kafeen har heller ikkje universell utforming.

Ansvarsfraskrivelse

Angrerettsloven gjeld ikkje ved billettkjøp.