page view image

STRIKKEKRAFTS AFTERNOON TEA

Vi inviterer til eit ekslusivt treff med fokus på nydeleg mat og drikke, handarbeidsglede og hyggeleg samvær i den koselege stova i Den Grøne Fabrikken. Kanskje har du noko handlaga/handfarga du vil selje? På slutten av dagen opnar vi for drop-in i den flytande kunstbadstova Flabellina for dei som har lyst til det. Elles skal vi berre ete god mat, kanskje drikke litt bobler og kose oss i lag med nye og gamle kjende!

Velkomen :)

Information
event image

Vi syns det er for lenge til Strikkekraft i juni 2027, så vi har leigd stova i Den Grøne Fabrikken og bestilt Afternoon Tea med nydelege smørbrød, kaker og scones frå Go'fiket kafé i Åsane. Ulike tesortar vil vere tilgjengeleg, og vi lagar kaffi om nokon vil ha det. I tillegg er baren er open - vi har i alle fall tenkt å kjøpe oss eit glas eller to med bobler :) 

Du som kjøper billett og har handlaga ting eller handfarga garn du vil selge, kan legge det fram på bord i naborommet. Eller kanskje du har garn i lageret ditt som du vil selje? Merk med pris og Vipps-nr.

Mellom kl. 16 og 18 er det ope for drop-in på den flytande badstova Flabellina, som ligg ved flytebrygga rett utanfor. Kr. 200 per person kan betalast i baren - ta med badetøy og handduk då vel!

Elles blir det berre kos, handarbeid og skravling. Vi opnar dørene kl. 13 og stenger kl. 18. Håpar du har lyst å vere med :)

Vi har kun plass til 25 personar i tillegg til oss sjølve, så her gjeld det å vere raskt ute.

Velkomen! 


Helsing Merete og Anne


P.S. Send melding om evt. allergier til Anne Bjørke på anne.bjorke@gromholt.com seinast 1.oktober

Restrictions

Det er ingen restriksjonar i forhold til bruk av rullestol, med unntak av i badstova.

Waiver

Kjøpte billettar kan ikkje refunderast.